Har jobba med montering av kjøkken i helga. Mykje som må tenkast gjennom både ein og to gonga. Det tek si tid! Spesielt når monteringsanvisninga ikkje akkurat er så detaljert. Der har Designa stort forbetringspotensiale.
Starten… har fått skrudd på plass sokkelen bak. Framme står skapa på bein.
Høgskapet – under montering…
…og ja det e rotete.
Litt spenning når benkeplata skulle leggast på. Men den passa heilt perfekt. Vasken er underlimt så den kom heldigvis ferdig montert i benkeplata.
Blir lyseblå kjøkkenfronta. Steikje tøft… ;)
Berre 21 skuffer igjen å montere… Starte på resten av skapa (kjøkkenøya) og skuffene i morgon.
Ytterdøra nede er montert og lister, foringa og innvendige dører er stor sett på plass.
Måtte til med ein advarsel på sportsboda etter ei nestenulykke… Golvet mangla så det er høgt ned.
Kae, ser kjøkkenet slik ut endå? He du nye bilde? ;)
SvarSlettHe no endra sej litt då :) - ska ta å legge ut nokre bilde i helga.
SvarSlett