søndag 19. september 2010

På tide med ei oppdatering….

Har jobba mykje i huset sjølv om det ikkje viser her.

Ferdig med veggane i gang/trappeoppgang. 2 strøk “Hvit Lin”. Ein farge som skifter alt etter belysning… Litt skeptisk til å bruke denne i stova oppe. Har malt veldig dårleg eine veggen så den må eg nok ta oppatt elles er det nokre sparkelskøyta som viser, men det lyt vere som det er. I stova trur eg må ha på armeringstapet for å jevne ut litt. Alternativ denne frå Jotun http://www.jotun.com/www/no/20020050.nsf?OpenDatabase&db=/www/no/20020051.nsf&v=5552&e=no&c=5F412398FBD1715CC125779D0042AA08&ref=acdc5178 – viss eg slepp meir sparkling vel om merke…

Er også neste ferdig med begge bodene – sparkla og malt vegga og lagt golv (laminat klikkgolv). Nesten fordi eg sjølvsagt mangla ei laminatfjøl på boda oppe…

IMAG0032  IMAG0039

Har også malt første strøk på eine soverommet nede… men hm… stygg  farge… “Varm Lin”. Var nok litt fargeblind når eg valgte den - trur eg må revurdere…

Elles så har dette skjedd bak huset i natt…  He nok regna ein del ja.

IMAG0034

Ikkje akkurat min dag i dag :S

Men får levert parketten mandag eller tirsdag så då blir det nok golvlegging på soveromma nede slutten av neste veke. :D

 

blogger templates | Make Money Online