onsdag 28. april 2010

Takplate på gong + elektrikara

Denne veka starta elektrikarane med installasjonen. Vart ein del ekstrapunkt så budsjettet sprakk litt… ;p

Skal legge “ein del” LED spotta i tak og det skal visst løne seg på lang sikt i følge el-leverandør… (hm…) Får sjå kor mykje det utgjer på straumrekninga etter kvart.  Men tøft blir det i alle fall!

Ser ut som snekkarane legg takplater rett bak elektrikarane så det e mykje so skjer for tida. Legg standard ferdig behandla takplater. Ser faktisk vedlig bra ut.

Dårlig med bilder denne gongen…

søndag 11. april 2010

Oppdatering

Ei stund sidan siste oppdatering. Utvendig er huset no stort sett ferdig. Innvendig er romma avdelte og ytterveggane isolerte. Veggane er lekta ut slik at det ser ut som det er klart for elektrikar/rørleggar. Skal visst isolerast her også. Ventilasjonsfolka er stort sett ferdige. Rørleggarane har starta arbeidet.

Det viser seg at det manglar ei form som skulle ha vore lagt ned i finplata så det må meislast ut rundt sluka og støypast på nytt. Skal gå greit, men må passe på at varmekablane ikkje vert skada.

Har tegna kjøkkenet (IKEA) og fått plassert avløp og kjøkkenvifta.

Her er bilder frå hovudetasja. Underetasja er full av isolasjon så der er det vanskelig å få tatt skikkelige bilder.

Frå stova mot trappeoppgang og kjøkken

DSCN2002

Frå stova mot kjøkken.

DSCN2001

Kjøkkenet

DSCN2000

Frå kjøkkenet mot stova/terrassa

DSCN1999

 

blogger templates | Make Money Online