torsdag 11. juni 2009

Kontrakta underteikna

Etter mykje fundering bestemte eg meg for å skrive kontrakt med Boligpartner  om bygging av huset Venezia. 6. juni vart kontrakta underteikna.

Så står det att å sjå om dette blir ein dag eg vil huske med glede eller om eg kjem til å lure “ka i heitaste h”#!”! ej tenkte på…”. He trua på at eg gjorde eit rett val i allefall på val av hus og leverandør :)

Har mykje godt arbeid framføre meg – det heite visst eigeninnsats – så det e berre å sette seg på dugnadsliste… ;) he he

Huset Venezia

Her er huset eg skal bygge… e’kje det tøft?

Bilda er henta frå heimesidene til www.boligpartner.no

Eg har valgt dette huset fordi det passer heilt perfekt til tomta og utsikta – sommar som vinter. Dei store glasflatene er sørvendte og vil gi både utsikt og lys i romma.

Huset har moderne utforming og lavenergistandard. E’kje noke dokkestove ditte nei… Med den ekstra isolasjonen  og varmegjenvinningsanlegg vil eg sannsynlegvis kunne varme opp huset med ei fyrstikk… ;) he he

Tomta – Johanmarka i Eiksund

Lenke til kartutsnittet på www.sunnmorskart.no finn du her

Tomta er lett skråa og har den beste utsikta i heile byggefeltet… (mi meining!!).

Kjøpte tomta på “salg” i forbindelse med opning av Eiksundsambandet. Steikje billig ;p

 

blogger templates | Make Money Online