tirsdag 15. desember 2009

Plata er støpt!!

Stor dag i dag. Etter mykje arbeid på kort tid så vart plata støypt i dag.

Botnledning elektriker – onsdag 9. desember

Botnledning rørlegger – torsdag/fredag 10 – 11 desember

Ringmur fylt med singel og ferdig komprimert og fredag 11.desember.

La isolasjon (2 x 10 cm) styropor på laurdag 12. desember. Det tok si tid, mykje tilpassing rundt røra så det vart ein lang dag.

Dampsperre + armering på søndag 13. desember.

Mandag tok pappa jobben med  å legge armering  i nokre fundament under plata og fjerning av isolasjon inn mot thermomur sidan plata skal ha “kontakt” med betongen grunna høg tilfyllingshøgd.

Det må nemnast at det var skikkelig møkkaveir på mandag. Kaldt og regn stort sett heile dagen.

Arbeidet med varmekablar starta mandag 14. desember og vart ferdigstillt tirsdag 15. desember - to timar før betongbilen var på plass og finplata støypt. Mangla ein halv kubikk betong så betongbilen måtte hente ein ekstra gong. Dårleg berekna av underteikna… :(

Grunna kaldt ver må plata slipast. Etter planen vert dette gjort onsdag 16. desember.

Mandag vart også drensrøra rundt huset lagt.

Pappa var arbeidsledar i tomta både mandag og tirsdag og hadde full kontroll på alle!! Kjempejobb!

Legg ut bilder så snart eg får tak i dei.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

 

blogger templates | Make Money Online