Romma ferdig inndelt både i hovud- og underetage. Vegga og tak har fått plater. Stort sett gipsplater på veggane bortsett frå i bodene (spon) og bada (baderomspanel). No blir det sparkling og pussing – det blir litt av ein jobb. Og so må baderomsgolvet støypast, alle golva må leggast (parkett/fliser) osv osv. Nok ta ting so skal gjerast…
Har brukt siste veka på å rydda vekk platerestane og støvsuging av heilet huset. Det var litt av ein jobb, men no er det bort i mot støvfritt :) - så lenge det varer…
Bilde frå underetasja (trappeoppgang og gang). Trappa e berre mellombels altso… Det skal inn ei steikje fine strynetrapp, men fyst må flisene på golvet på plass :)
Underetasje frå disp rom. Teknisk bod inn til venstre.
Bad/Vaskerom til venstre – kjellarbod til høgre.
Trappeoppgang frå hovudinngangen.
Hovudetasje - kjøkken
Hovudetasje - stove
Hovudetasje – mot soverom – bad inn til høgre.
Frå soverommet. Det skal inn ei skyvedør i døropninga. Glasa er til rekkverket på terrassa. Det blir steikje tøft!
![IMG_5041[1] IMG_5041[1]](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEgTYLV7_Zg4l0ocApLNoX76rofV4ZcGFHF47Tyhgcbn03yGIXAKmXQOgZWiVWDdZcuS5A7ma5wmknRXszDRcsyh3hwr1N74uaw0iHKNkQ5SkR7KjyuYwBXULs6zeGlaKAUjUsZGcwnPYTIa/?imgmax=800)