søndag 16. mai 2010

Platene på plass :)

Romma ferdig inndelt både i hovud- og underetage. Vegga og tak har fått plater. Stort sett gipsplater på veggane bortsett frå i bodene (spon) og bada (baderomspanel). No blir det sparkling og pussing – det blir litt av ein jobb. Og so må baderomsgolvet støypast, alle golva må leggast (parkett/fliser) osv osv. Nok ta ting so skal gjerast…

Har brukt siste veka på å rydda vekk platerestane og støvsuging av heilet huset. Det var litt av ein jobb, men no er det bort i mot støvfritt :) - så lenge det varer…

Bilde frå underetasja (trappeoppgang og gang). Trappa e berre mellombels altso… Det skal inn ei steikje fine strynetrapp, men fyst må flisene på golvet på plass :)

IMG_5032[1]

Underetasje frå disp rom. Teknisk bod inn til venstre.

IMG_5033[1]

Bad/Vaskerom til venstre – kjellarbod til høgre.

IMG_5034[1]

Trappeoppgang frå hovudinngangen.

IMG_5035[1]

Hovudetasje - kjøkken

IMG_5039[1]

Hovudetasje - stove

IMG_5037[1]

Hovudetasje – mot soverom – bad inn til høgre.

IMG_5040[1]

Frå soverommet. Det skal inn ei skyvedør i døropninga. Glasa er til rekkverket på terrassa. Det blir steikje tøft!

IMG_5041[1]

onsdag 28. april 2010

Takplate på gong + elektrikara

Denne veka starta elektrikarane med installasjonen. Vart ein del ekstrapunkt så budsjettet sprakk litt… ;p

Skal legge “ein del” LED spotta i tak og det skal visst løne seg på lang sikt i følge el-leverandør… (hm…) Får sjå kor mykje det utgjer på straumrekninga etter kvart.  Men tøft blir det i alle fall!

Ser ut som snekkarane legg takplater rett bak elektrikarane så det e mykje so skjer for tida. Legg standard ferdig behandla takplater. Ser faktisk vedlig bra ut.

Dårlig med bilder denne gongen…

søndag 11. april 2010

Oppdatering

Ei stund sidan siste oppdatering. Utvendig er huset no stort sett ferdig. Innvendig er romma avdelte og ytterveggane isolerte. Veggane er lekta ut slik at det ser ut som det er klart for elektrikar/rørleggar. Skal visst isolerast her også. Ventilasjonsfolka er stort sett ferdige. Rørleggarane har starta arbeidet.

Det viser seg at det manglar ei form som skulle ha vore lagt ned i finplata så det må meislast ut rundt sluka og støypast på nytt. Skal gå greit, men må passe på at varmekablane ikkje vert skada.

Har tegna kjøkkenet (IKEA) og fått plassert avløp og kjøkkenvifta.

Her er bilder frå hovudetasja. Underetasja er full av isolasjon så der er det vanskelig å få tatt skikkelige bilder.

Frå stova mot trappeoppgang og kjøkken

DSCN2002

Frå stova mot kjøkken.

DSCN2001

Kjøkkenet

DSCN2000

Frå kjøkkenet mot stova/terrassa

DSCN1999

søndag 21. mars 2010

Solrikt!

Har støvsuga og rydda inne i dag. Greitt å få unda støv og rask etterkvart.

Fasade frå aust.

DSCN1966

Utsikt austover…

DSCN1962 

DSCN1964

Terrassa

DSCN1963 

Utsikt sydover

DSCN1965 

Huset er finare utan stillas!

DSCN1972DSCN1971

Terrassa og carport. Nauta rotete i carporten…

DSCN1973

Utsikt frå stoveglasa

DSCN1967

… og kjøkkenglaset

DSCN1968

Eit skrytebilde ta utsikta…

DSCN1969

lørdag 20. mars 2010

Stillas er fjerna

Huset ser no litt meir ferdig ut no når fasada nesten e ferdi og stillaset e fjerna :)

Snøven e no i ferd med å smelte så no e det på tide å rydde opp ute. He køyrt vekk to lass i dag.

  DSCN1953

DSCN1952

onsdag 17. mars 2010

Isolering på gong!

Arbeidet med isolasjon er starta. Litt kaotisk inne no…

DSCN1951 DSCN1950 DSCN1949 DSCN1948

Mykje ferdig utandørs.

DSCN1947

Baksida – sportsbod + “carport”

DSCN1946

Terrassa. Ca 1 meter snøv bak huset…

DSCN1945

“Carport” med “kjøkken inngang”

DSCN1944 

Terrassa.

DSCN1942 

Fasada ser litt betre ut når stillaset er vekke.

 DSCN1939

Snart på tide å få vekk rotet som ligg under snøven. Ser reint og fint på bilda, men når snøven forsvinn så er det på tide å få rydda…

mandag 8. mars 2010

Bordkledning

Ny “farge” på huset. Snekkarane har begynt med bordkledninga.

Det er også lagt ein del golv på terrassa + limdragar over trappeoppgangen. I helga vart begge etasjene rydda for kapp, kosta og støvsuga.

Det er satt på varme i hovudetasja så huset er under opptørking.

DSCN1936

 DSCN1935

 

blogger templates | Make Money Online