søndag 17. januar 2010

Byggestart!

Første leveranse av huset vart levert fredag 18. desember. Etter dette vart det kaldt og mykje snøv så det var stillstand i jula.

Tomta vart måka for snøv forrige veke (det var ca 60 cm jamt over heile tomta) og det vart  fylt det som stod att bakom muren. Fekk gravd ut for sportsboda, singla og komprimert.

Satt opp ringmur laurdag og søndag. (16. – 17. januar). Håper å få fylt betong neste veke.

Har hatt snekkar på plass forrige veke. Reima er stort sett ferdig så dei startar vel med stenderverk neste veke.

 

DSCN1828 DSCN1829

Her blir det sportsbod. Taket går over boda og vidare bortover mot utgangsdøra (bortanfor utspringet).

DSCN1830

Mykje snøv!

DSCN1831

Berande konstruksjon – La stå!

DSCN1832 
Veggane vart sett opp før tilbakefylling bak muren pga marktrykk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

 

blogger templates | Make Money Online