søndag 30. mai 2010

Lita oppdatering i husbygginga

Berre sånn at dokke ikkje trur det er heilt stopp i bygginga. Drive å sparkla vegga så det er ikkje akkurat det mest interessante å skrive om eller ta bilde av…  Er stort sett ferdig med soverom og gangen i hovudetg. He so vidt begynt på stoveveggane. Går greitt men slite litt med hjørna – det er hjørnebeslag (stål). Vanskelig å få det jamt så det blir nok litt pussing.

Skal ha fri nokre dagar i veka som kjem. Planen er å få støypt badreomsgolvet i hovudetg, lage fall rund sluka i teknisk bod og bad i underetg, støype fundamenta for limtrebjelkane bak huset og rydda vekk “rot” slik at det kan fyllast ferdig inntil muren.  I tillegg blir det nok litt sparkling… og forhåpentligvis grunna gipsplatene (der det e sparkla ferdig). Kanskje litt ambisiøs plan så vi får sjå kor det går.

søndag 16. mai 2010

Platene på plass :)

Romma ferdig inndelt både i hovud- og underetage. Vegga og tak har fått plater. Stort sett gipsplater på veggane bortsett frå i bodene (spon) og bada (baderomspanel). No blir det sparkling og pussing – det blir litt av ein jobb. Og so må baderomsgolvet støypast, alle golva må leggast (parkett/fliser) osv osv. Nok ta ting so skal gjerast…

Har brukt siste veka på å rydda vekk platerestane og støvsuging av heilet huset. Det var litt av ein jobb, men no er det bort i mot støvfritt :) - så lenge det varer…

Bilde frå underetasja (trappeoppgang og gang). Trappa e berre mellombels altso… Det skal inn ei steikje fine strynetrapp, men fyst må flisene på golvet på plass :)

IMG_5032[1]

Underetasje frå disp rom. Teknisk bod inn til venstre.

IMG_5033[1]

Bad/Vaskerom til venstre – kjellarbod til høgre.

IMG_5034[1]

Trappeoppgang frå hovudinngangen.

IMG_5035[1]

Hovudetasje - kjøkken

IMG_5039[1]

Hovudetasje - stove

IMG_5037[1]

Hovudetasje – mot soverom – bad inn til høgre.

IMG_5040[1]

Frå soverommet. Det skal inn ei skyvedør i døropninga. Glasa er til rekkverket på terrassa. Det blir steikje tøft!

IMG_5041[1]

 

blogger templates | Make Money Online