torsdag 17. desember 2009

Bilder frå støyping av finplata

DSC00068 

Ulstein betong e på plass.

DSC00069DSC00070DSC00071

Gutta frå X-betong e i gong.

DSC00072DSC00073DSC00074DSC00075DSC00076

Siste rest står att.

DSC00077DSC00078       

Ferdig! Flott resultat.

tirsdag 15. desember 2009

Plata er støpt!!

Stor dag i dag. Etter mykje arbeid på kort tid så vart plata støypt i dag.

Botnledning elektriker – onsdag 9. desember

Botnledning rørlegger – torsdag/fredag 10 – 11 desember

Ringmur fylt med singel og ferdig komprimert og fredag 11.desember.

La isolasjon (2 x 10 cm) styropor på laurdag 12. desember. Det tok si tid, mykje tilpassing rundt røra så det vart ein lang dag.

Dampsperre + armering på søndag 13. desember.

Mandag tok pappa jobben med  å legge armering  i nokre fundament under plata og fjerning av isolasjon inn mot thermomur sidan plata skal ha “kontakt” med betongen grunna høg tilfyllingshøgd.

Det må nemnast at det var skikkelig møkkaveir på mandag. Kaldt og regn stort sett heile dagen.

Arbeidet med varmekablar starta mandag 14. desember og vart ferdigstillt tirsdag 15. desember - to timar før betongbilen var på plass og finplata støypt. Mangla ein halv kubikk betong så betongbilen måtte hente ein ekstra gong. Dårleg berekna av underteikna… :(

Grunna kaldt ver må plata slipast. Etter planen vert dette gjort onsdag 16. desember.

Mandag vart også drensrøra rundt huset lagt.

Pappa var arbeidsledar i tomta både mandag og tirsdag og hadde full kontroll på alle!! Kjempejobb!

Legg ut bilder så snart eg får tak i dei.

søndag 6. desember 2009

Grunnmuren oppe :)

Torsdag 3. desember vart grunnmuren fylt med betong. Eg tok meg av sjølve fyllinga mens pappa og onkel Dagfinn sjekka at alt gjekk greitt for seg. Det gjekk heilt utan problem så dei tre dagane i forkant med bekymring var rett og slett unødvendig. Men so var monteringsanvisninga fylt til punkt og prikke også.

DSC00077[1]

Betongbilen med pumpe på plass. Halve muren fylt og vi venter på bil nr. 2 med betong.

 DSC00079[1]

Pappa tok jobben med å fjerne overflødig masse og rette av toppen.  Han ordan også med stendarane og “grima” på toppen før fyllinga tok til. Dette gjorde thermomur blokkene veldig stabile og gjorde fyllinga problemfri. Godt utført arbeid!

DSC00082[1] 

 DSCN1749 

Ferdig!

DSCN1750 DSCN1751

DSCN1752 DSCN1753

No er det klart for fylling av singel, legging av botnledning, isolasjon, armering og støyping av plate.

torsdag 19. november 2009

Ringmur og såleblokk ferdig fylt!

Fekk fylt ringmuren og såleblokka med betong i dag. Veldig dårlig start i hjørnet. Ringmuren flotna og betongen flaut :( Det  gjekk heldigvis betre å fylle  resten av muren og såleblokka.

Så spørs det kor mykje ting har flytta på seg.

DSCN1735

Klar for fylling av betong

DSCN1736

DSCN1741 

DSCN1742

DSCN1745

Såleblokk med armering. Klart for thermomur.

DSCN1746

What a mess!! Her gjekk det altso gale, men det ser verre ut enn det e…  he he…

torsdag 12. november 2009

Det går framover !!

Har no brukt to dagar på grunnmuren og har no lagt ut såleblokk og ringmuren + armering. Manglar berre ein lite bit som må tilpassast.

Viss alt går etter planen blir det betongfylling neste veke.

DSCN1721 

Såleblokka er på plass

DSCN1732

Rigmuren plassert ut

DSCN1734

Litt tilpassing må til

DSCN1729

Kaffipause!

DSCN1733

God hjelp frå pappa

DSCN1731

Kan ikkje sei noke på arbeidsveiret :)

tirsdag 10. november 2009

Start på arbeidet med grunnmur :)

I dag starta arbeidet med grunnmuren. Planlegging og innkjøp av armering i dag, Fekk klarlagt mykje etter nokre telefonar til Vartdal Plast. God service der :) Forhåpentligvis er armeringa på plass slik at vi kan starte med å legge ut såleblokk og ringmuren i morgon.

Skal legg ut bilder i morgå. Gløymde å ta bilde i dag.

Er forresten knallveir så det er heilt greitt å jobbe utandørs :) Håpe det vare nokre veker…

DSCN1719

Her er bilde frå ein liten fjelltur på “Bjønnej” i ettermiddag. Sola kika fram  bak Hidsegga.

onsdag 14. oktober 2009

Sjå! Ej he fått vei :)

Framgang i tomta.

Tomta 14102009 Tomta veg 14102009

Ser konturane av byggegropa no.

onsdag 7. oktober 2009

Graving på gong i Eiksund :)

I dag var det start på gravinga på tomta i Eiksund. So no er byggeprosjektet i gong.

Graving i tomt1

Graving i tomt2 Graving i tomt3 Graving i tomt4 Graving i tomt5

Mykje overskotmasse so skal vekk så det tek si tid.

torsdag 11. juni 2009

Kontrakta underteikna

Etter mykje fundering bestemte eg meg for å skrive kontrakt med Boligpartner  om bygging av huset Venezia. 6. juni vart kontrakta underteikna.

Så står det att å sjå om dette blir ein dag eg vil huske med glede eller om eg kjem til å lure “ka i heitaste h”#!”! ej tenkte på…”. He trua på at eg gjorde eit rett val i allefall på val av hus og leverandør :)

Har mykje godt arbeid framføre meg – det heite visst eigeninnsats – så det e berre å sette seg på dugnadsliste… ;) he he

Huset Venezia

Her er huset eg skal bygge… e’kje det tøft?

Bilda er henta frå heimesidene til www.boligpartner.no

Eg har valgt dette huset fordi det passer heilt perfekt til tomta og utsikta – sommar som vinter. Dei store glasflatene er sørvendte og vil gi både utsikt og lys i romma.

Huset har moderne utforming og lavenergistandard. E’kje noke dokkestove ditte nei… Med den ekstra isolasjonen  og varmegjenvinningsanlegg vil eg sannsynlegvis kunne varme opp huset med ei fyrstikk… ;) he he

Tomta – Johanmarka i Eiksund

Lenke til kartutsnittet på www.sunnmorskart.no finn du her

Tomta er lett skråa og har den beste utsikta i heile byggefeltet… (mi meining!!).

Kjøpte tomta på “salg” i forbindelse med opning av Eiksundsambandet. Steikje billig ;p

 

blogger templates | Make Money Online