Framgang i tomta.
Ser konturane av byggegropa no.
Hallo folkens!
Eg skriv mest om husbygginga i Eiksund så det er berre å følge med for dei som vil.
Skal ikkje sjå vekk frå at eg legg ut skrytebilde frå fjelltura også.
I dag var det start på gravinga på tomta i Eiksund. So no er byggeprosjektet i gong.
Mykje overskotmasse so skal vekk så det tek si tid.
Etter mykje fundering bestemte eg meg for å skrive kontrakt med Boligpartner om bygging av huset Venezia. 6. juni vart kontrakta underteikna.
Så står det att å sjå om dette blir ein dag eg vil huske med glede eller om eg kjem til å lure “ka i heitaste h”#!”! ej tenkte på…”. He trua på at eg gjorde eit rett val i allefall på val av hus og leverandør :)
Har mykje godt arbeid framføre meg – det heite visst eigeninnsats – så det e berre å sette seg på dugnadsliste… ;) he he
Her er huset eg skal bygge… e’kje det tøft?
Bilda er henta frå heimesidene til www.boligpartner.no
Eg har valgt dette huset fordi det passer heilt perfekt til tomta og utsikta – sommar som vinter. Dei store glasflatene er sørvendte og vil gi både utsikt og lys i romma.
Huset har moderne utforming og lavenergistandard. E’kje noke dokkestove ditte nei… Med den ekstra isolasjonen og varmegjenvinningsanlegg vil eg sannsynlegvis kunne varme opp huset med ei fyrstikk… ;) he he
Lenke til kartutsnittet på www.sunnmorskart.no finn du her
Tomta er lett skråa og har den beste utsikta i heile byggefeltet… (mi meining!!).
Kjøpte tomta på “salg” i forbindelse med opning av Eiksundsambandet. Steikje billig ;p